Til min kjære Ole på bryllaupsdagen

Til min kjære Ole
på bryllaupsdagen

Tekst: Liv Karin Lange
Melodi: Bamsens fødselsdag

I dag så vart eg kona di,
ein draum er no blitt sanning.
For du er den som eg vil ha,
for meg så er du MANNEN.
I nittito eg møtte deg,
nyttår og bokstaveleg,
ein orkan kom over oss,
for seint å kaste loss.

I Vestrefjorden sat me fast,
du tenkte: ”kva med huset”?
Men lykka smilte, alt gjekk bra,
orkanen slutta suse.
Eg vil verna heimen vår,
den skal stå i mange år.
Når vi får problem,
vi løyser dei så fort dei kjem.

Til Førde drog eg,
for eg ville sjukepleiar verta.
Men vegen heim til deg var lang,
og teljarstega smerta.
Men i Molde fekk eg gå,
så til deg eg flytta då.
Tenk at slik det skulle gå,
at eg deg kunne få.

På Kreta bytta me to ringar –
Å!!, det var romantisk.
No er me to blitt fire,
er det ikkje litt fantastisk.
Sjølv om det er stritt i blant,
når du langt frå oss har hamn.
Savn og lengsel vert det då,
før gjensyn me kan få.

Men alt vert gløymt når du kjem heim,
for jammen er du ”flinke”.
Du vaskar, bakar kake,
ordnar opp, er inga ”sinke”.
Eventyrprinsessa har,
ikkje funne betre kar.
Gaver, som parfyme, krem,
er med når heim du kjem.

Når noko her skal gjerast,
stiller du opp, er på pletten.
Får jobben gjort, så ingen fagmann
treng bry seg med resten.
Og når du skal kople av,
til garasjen fotefar,
fører, for der står ein som,
er glad for at du kom.

Du vaskar han så han vert blank,
så startar du ”tonnasjen”.
Men ferda går kje’ langt, nei, berre
inn att i garasjen.
Vi har bygd eit lykkeslott,
fått ein heim, har bygd han godt.
Bryllaupsreise skal me ha,
me drar til Mallorca.

Ein heim med deg var draumen min,
ein draum var denne dagen.
I Tresfjord kyrkje sa vi ja,
på Vestheim vert det ”amen”.
Brura mi, du kalla meg,
og kvar februar skal me,
feira bursdag, for me har,
på nesten same dag.