Til Deg

Til Deg

Tekst: Aslaug Lange, red. Liv Karin Lange
Musikk: Liv Karin Lange, Per Hammervoll

Du var den første som fylte mitt sinn
Som solstrålar fyller eit rom
Var ikkje gamal då du kom der inn
Då du drog med andre din veg

Men i det mørke var solglimt å sjå
Ikkje med ord det du sa
Likevel tydde små hendingar på
Det var i meg du var glad

Titt vandrar tankane mine til deg
Både ved dag og ved natt
Andre eg møtte vel og på min veg
Minnet om deg, det var att

No har eg funne deg endå ein gong
Slepper deg ikkje så lett
Til deg har eg no freista dikta ein song
Men orda dei maktar ‘kje stort

Titt vandrar tankane mine til deg
Både ved dag og ved natt
Andre eg møtte vel og på min veg
Minnet om deg, det var att

Titt vandrar tankane
Titt vandrar tankane
Titt vandrar tankane mine til deg

Titt vandrar tankane
Titt vandrar tankane
Titt vandrar tankane mine til deg

© Midt-Norsk Musikkproduksjon/Liv Karin lange