Vår høgtidsstund
Tekst: Liv Karin Lange
Melodi: The rose
Vår høgtidsstund, små streif av lykke
når handa di tek mi.
Vår høgtidsstund, når vi tek steget,
seier ja, for no veit vi.
At vi vil ha ei felles framtid,
leve saman dag for dag.
I augo dine ser eg glans av,
ein solvarm sommardag.
Frå høgste topp vi to skal skue,
då latter vert vår ven.
I djupe dal, då har eg handa di
som styrke når eg treng.
i dag ei djup og ekte glede,
langt inni meg ligg og brenn.
Ein takksam tanke for at eg deg har fått,
det har eg sendt.
Når dagar gryr skal du bli hos meg,
ved kveld så vært du nær.
Vi to skal saman byggje bruer,
nære ting kjem meire nær.
Når handa di ligg trygt i mi hand,
som ein blomst som strekker seg
opp mot lyset, ja, då veit eg,
eg vil alltid elska deg.
© Liv Karin Lange