Ta Deg Tid

Ta Deg tid

Tekst og musikk: Liv Karin Lange

Eg ser deg titt og ofte der du hastar avstad
Så travelt opptatt med å gjera det bra
Ferdig på jobben, du skundar deg heim
Andre ventar, du må’kje bli sein

For du skal rekkja ekstrajobb og eit verv eller to
Tru kva du hadde sagt om du såg deg sjølv no
Du stansar ikkje opp sjølv om veslejenta di
Sit heime og ventar på at du skal få tid

Hei, kom og sett deg ned og roa deg litt
Ta deg tid til å tenkja over livet ditt
Du kan leva utan nye møblar, ny båt
Då vert det meire tid til kjærleik og

Men du skal rekkja ekstrajobb og eit verv eller to
Du har nok ikkje tankar for anna no
Du tenkjer ikkje over at veslejenta di
Sit heime og ventar på at du skal få tid

© Midt-Norsk Musikkproduksjon/Liv Karin lange