Morsvev – Eit liv er reist forbi

Morsvev – Eit liv er reist forbi

Tekst: Liv Karin Lange. Fritt etter Marit Wadsten si novelle
Arbeidsmelodi: City of New Orleans
11. juni 2019

Du sit trygt innunder mormors vevstol
kvite, tynne dukar over deg
Mormor vev så fine dukar
skyttelen han går, finn sin veg
Veven veks i bommen fram, taktfast rytmen går
vert til gode minne år for år
Kongeduken det vart han, ho var stoltast av
kvit i dreiel og damask han var 

Kongeduken låg på kjøkkenbordet
til kvardags, såg leik i mange år
Eg syr han om til segl på leikebåten
og vi set segl og slit han ut medan tida går

Gule lønneblad og blå, blå himmel
du og far i Trondheim hand i hand
Far i uniform med blanke stjerner
i grå drakt skin du, som klippt frå ein roman
Men ein farsgard ventar dykk, og reisa dit tek til
kjærleiken har mange vegar han
Brusteinsgater byttast ut, med gard inni ein dal
Lykkelege år for mor, for far

Kongeduken låg på kjøkkenbordet
til kvardags, såg leik i mange år
Eg syr han om til segl på leikebåten
og vi set segl og slit han ut medan tida går 

Frå byen og til dalen går så ferda
Du var skreddar, lærar vart du no
Med farge, sang, du skaper våre dagar
finn nye vegar, lett spring våre sko
Elevane syr fine sting, sirlege dei er
høg er latteren når du er nær
Symaskinverkstad ny og fin, du viser veg
Elevane dei lærer steg for steg

Lykke er ‘kje noko vi kan eige
alltid, men vi får låne ho iblant
Når tunge dagar når oss
kan dei og gje styrke
og sorg og glede, kan gå hand i hand

Lykke kan ta slutt, no er det over
ansiktet ditt bleikt og stemma lav
Med far si veske i handa står du oppreist
medan vi sit stille, stille som i grav
Når du er åleine og eg kjem inn til deg
ser eg tårene, stille renn dei ned
Men du byggjer nytt, du syng, såra sakte gror
syr livet vårt i saman, er vår mor

Lykke er ‘kje noko vi kan eige
alltid, men vi får låne ho iblant
Når tunge dagar når oss
kan dei og gje styrke
og sorg og glede, kan gå hand i hand

Livet det går vidare i dalen
du arbeider, sjeldan kviler du
Dyr og ungar alle treng di styrke
du finn ein rytme, du kan ikkje snu
dagar som du møtte med, latter og med sang
blir til minner, med så vakker klang
livet vårt di rytme får, dagane dei går
arbeid, alltid arbeid, harde kår

Lykke er ‘kje noko vi kan eige
alltid, men vi får låne ho iblant
Når tunge dagar når oss
kan dei og gje styrke
og sorg og glede kan gå hand i hand

Femtiårsdagsblomane dei visnar
sangen stilnar, handa sluttar sy
Dyra uti fjøset tenkjer stille
kva med oss når lyset har brent ut
År som gav, og år som tok, eit liv er reist forbi
så få vart åra som du fekk syn’s vi
minner, sorg og sakn blir ord, harde som stein
og sorg kan bryte grein etter grein

Lykke er ‘kje noko vi kan eige
alltid, men vi får låne ho iblant
Når tunge dagar når oss
kan dei og gje styrke
og sorg og glede kan gå hand i hand

Kongeduken låg på kjøkkenbordet
til kvardags, såg leik i mange år
Eg syr han om til segl på leikebåten
og vi set segl og slit han ut medan tida går

Framført for aller første gang i Eikesdal kirke
lørdag 15. juni 2019 under Countrytreff i Eikesdal
Liv Karin, Blå Sko