MELLOM BAKKAR OG BERG – NORDMANNEN
Intro
Mellom bakkar og berg utmed havet,
heve nordmannen fenge sin heim.
Der han sjølv heve tuftene grave,
og sett sjølv sine hus oppå deim.
Han såg ut på dei steinute strender,
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga med rudningen trygt.”
Mellomspill
Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå.
Men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.
Fram på vinteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land.
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Mellomspill
Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå.
Og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.
Tekst: Ivar Aasen – Melodi: Ludv. M. Lindeman