Hu hei kor er det vel friskt og lett opp på fjellet

Hu hei kor er det vel friskt og lett opp på fjellet

Tekst: Kristofer Janson (1841-1917)
Tone: Vanleg folketone på 1800-talet

Hu hei kor er det vel friskt og lett
opp på fjellet, opp på fjellet
her leikar vinden i kåte sprett
opp på fjellet opp på fjellet
og foten dansar, og auga lær,
og hjarta kveikjande hugnad fær
opp på fjellet opp på fjellet

Kom opp kom opp frå den tronge dal
opp på fjellet opp på fjellet
her bles ein blåster so frisk og sval
opp på fjellet opp på fjellet
og lii skin utav blomar full,
og soli drys alt sitt fagre gull
opp på fjellet opp på fjellet

I dalen starvar du tung og heit,
kom på fjellet kom på fjellet
kor fint her er, inkje nokon veit,
her på fjellet her på fjellet
ditt auga flyg over nut og tind,
det er som flyg det i himlen inn
opp frå fjellet, opp frå fjellet

Og når no soli til kvila gjeng
attom fjellet, attom fjellet
då reia skuggane opp si seng
attmed fjellet, attmed fjellet
då gidrar alt i ein strålestraum,
og hjarta sveiper seg inn i draum
opp på fjellet, opp på fjellet