Ei Kåpe Full Av Fargar

Ei kåpe full av fargar – Liv Karin Lange – Dette er en «kladd», ikke en ferdig innspilling.

EI KÅPE FULL AV FARGAR

Melodi/amerikansk tekst av Dolly Parton: Coat of many Colors
Norsk tekst: Liv Karin Lange, mai/juni 2023

Vandrar tilbake til slik det var ein gong
stansar ved minnet som forblir
Då vi fekk ein boks med tøystykke med filler
og mamma såg dei kunne ha verdi

Det var stoff i fine fargar men alle var no små
Men eg hadde inga kåpe og hausten banka på
Mamma sydde dei saman la kjærleik i kvart sting
Ho sydde kåpe ut av filler og kåpa ho blei min

Mens ho sydde så fortalte ho historia til meg
i frå bibelen der Josef hadde kåpe slik som eg
Ho sa at kanskje kåpa kunne væra min juvél
å signa kåpa med eit kyss før stolt eg drog på skuleveg

Ei kåpe full av fargar som mamma ga frå seg
Skapt av filler likevel så dyrebar for meg
Om vi mangla pengar var eg så rik eg kunne bli 
i ei kåpe sydd med kjærleik til meg frå mamma mi

Gløymd var buksebein med hol i og sko som tok inn vann
I ei kåpe full av kjærleik sprang eg det fortaste eg vann
Berre for å møte latter då på skulen eg sprang inn
Der mitt forsvar var ei kåpe som med kjærleik var sett inn

Å eg skjøna ikkje noko for eg følte meg so rik
Og sa at mamma sydde kjærleik inn i kvar ein liten flik
Eg fortalte òg om Josef slik mamma hadde gjort
At kåpa mi var ein juvél at kleda deira kom til kort

Ingen skjøna kva eg meinte eg prøvde gong på gong
for kjærleiken han har magi som tek bort fattigdom
Eg veit vi mangla pengar men var rikast likevel
for ei kåpe sydd med kjærleik ho kan gjera stor forskjell

Ingen skjøna kva eg meinte eg prøvde gong på gong …………..

© Liv Karin Lange