EI HØGTID ER FORBI
Tekst: Liv Karin Lange
Melodi: Arnold Farstad
No er det slutt på jula
no pakkar eg ho bort
Eit heilt år til eg neste gong
vil senda julekort
På loftet har eg eskene
som pynten skal opp i
Han heng ikkje så lenge
men har likevel verdi
I eska legg eg barnet
og fine julelys
Eg pakkar så forsiktig ned
og slik at han ikkje frys
Ein engel legg eg tett inntil
ho gamle nissemor
Og nissefar han gler seg til
å høyre englekor
Det er litt godt å rydde bort
ei høgtid er forbi
Mot lyse tider vandrar eg
mot våren vandrar vi
© Liv Karin Lange