ANNE KNUTSDOTTER
Norsk folketone
Tekst: Claus Pavel Riis Omsett til nynorsk av Hulda Garborg og Ingvar Bøhn
Eg heiter Anne Knutsdotter,
Kari er mi mor, og Truls han er min bror.
Me bur oppå ein plass, der som ingen skulle tru
at nokon kunne bu.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
Ja, plassen ligg så høgt, høgt oppe i ei ur
alt under berge-mur.
Og det er ikkje meir enn at vi på simpelt vis
kan fø to kyr og ein gris.
Og kyrne heiter Dagros, Fagros, gamle Fagros,
grisen heiter Giss, Giss, Giss.
Om sommar’n er det moro å gå og sanke bær
i munn og neverkopp.
På stovetaket veks det to unge heggekjerr som geita eter opp.
Og geita heiter Snøgga, Stygga, Lurverygga,
høna heiter Tipp, Tipp, Tipp.
Og vinteren kan jamt ikkje vera oss for god
med frost og fokk og snjo.
Då kan det ofte over dei fjortendagar gå
som vi ikkje folk får sjå.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
Og far min han er kramkar, han strevar trottug nok
og fer så vidt om kring.
Ho mor ho steller huset, eg spinner på min rokk
men han Truls gjer ingen ting
Men plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!

