Å eg veit meg eit land
Å, eg veit meg eit land langt der oppe mot nord,
med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
der mitt hjarta er fest
med dei finaste, finaste band.
Å, eg minnes, å eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Å, eg minnes, å, eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Denne heim er meg kjær som den beste på jord.
Han mitt hjarta er nær denne fjetrande fjord.
Og det målande fjell
og den strålande kveld,
hugen leikar, den leikar på dei.
Å, eg minnes, å eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Å, eg minnes, å, eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Der eit fjell stig mot sky med si krone av snø.
Og i lauvklednad ny det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot land
med si bringa i brann.
I den solklare, solklare kveld.
Å, eg minnes, å eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Å, eg minnes, å, eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Å, eg lengtar så titt dette landet å sjå.
Og det dreg meg så blidt når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår
vert min saknad så sår,
så mest gråta, mest gråta eg kan.
Å, eg minnes, å eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.
Å, eg minnes, å, eg minnes,
å, eg minnes så vel dette land.