Til Deg

.     
TIL DEG
Tekst: Aslaug Lange
Melodi:  Liv Karin Lange/Per Hammervoll

Du var den første som fylte mitt sinn
som solstrålar fyller eit rom
Var ikkje gamal då du kom der inn
så frisk og så rein som ein blom

Sårt har eg sakna deg meir enn ein gong
lengta og drøymt meg til deg
Hugen vart sjuk og det auka ein trong
når du drog med andre din veg

Tidt vandrar tankane mine til deg
både ved dag og ved natt
Andre eg møtte vel og på min veg
men minnet om deg det var att

Men i det mørke var solglimt å sjå
ikkje med ord det du sa
Likevel tydde små hendingar på
det var i meg du var glad

Tidt vandrar tankane mine til deg ……

No har eg funne deg endå ein gong
slepper deg ikkje så lett
Til deg har eg no freista dikta ein song
men orda dei maktar ‘kje stort

Tidt vandrar tankane mine til deg ……

Tidt vandrar tankane tidt vandrar tankane
tidt vandrar tankane mine til deg
Tidt vandrar tankane tidt vandrar tankane
tidt vandrar tankane mine til deg

© Liv Karin Lange